Fjord 1 søker trainee innen Drift og leiing
Klar for ein kickstart på karriera di? Bli vår nye trainee!
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Våre operative leiarar har, saman med bemanningskoordinator, teknisk inspektør og skipsførar, ansvaret for å drifte fartøysporteføljer på best mogleg måte. Vi søker no etter ein "Drift og leiing trainee" som skal jobbe tett med våre leiarar og delta i ulike oppgåver, slik som budsjettering, HMS, bemanning, rekruttering, rapportering, diverse møter, presentasjonar, dagleg drift, personaloppfølging og utvikling av vårt styringssystem.
I Fjord1 skal vi arbeide planmessig og strukturert, men innafor drift må ein også trivast med ad-hoc prega oppgåver. Du må like at det er litt action i kvardagen, og ha evne til å snu deg rundt. Reiser til spennande prosjekt og fartøy må også påreknast.
Blir du vår neste kollega? Vi ynskjer å vere opne for kva kompetanse som finst i marknaden, og vil tilpasse stillinga til den rette kandidaten.
Dette tilbyr vi deg som trainee:
- Ei unik start på karriera
- Moglegheit til å delta i prosjektarbeid på tvers av fagområde
- Moglegheit til å ta ansvar og vere med å påverke utviklinga i selskapet
- Tett og god oppfølging både fagleg og personleg
- Moglegheit for vidare karriere i Fjord1
Kven håpar vi at du er?
- Du har utdanning innan f.eks maritim retning, logistikk, organisasjon og leiing, økonomi, eller eit anna relevant spennande område
- Du har eit ønske om å utvikle leiareigenskapar og kunne motivere og engasjere andre
- Du er nysgjerrig og tør å stille spørsmål ved etablert praksis
- Du tek fatt på nye oppgåver med motivasjon, engasjement og pågangsmot
- Du er strukturert og ryddig og er ein pådrivar for forbetringar
- Du har gode kommunikasjonsevner og er god på å bygge og bevare relasjonar
Lurer du framleis på kvifor du skal søkje på stillinga?
Du blir del av eit team som er bygd på kjerneverdiane godt humør, open og ærleg, påliteleg, lønsemd, samhandling og stoltheit. Vi trur på den positive effekten av godt humør. I Fjord1 skapar vi ein arbeidskultur der smil og entusiasme trivast.
Vi set stor pris på open kommunikasjon og ærlege tilbakemeldingar, dette skapar tillit både internt og eksternt. Vi er opptekne av å dele tankar og idear fritt. Vi tar pålitelegheit på alvor og drivast av å levere kvalitet i alt vi gjer.
For å lukkast må vi ha smarte strategiar, god lønnsemd og effektiv drift slik at vi skapar rom for vekst og utvikling. Teamarbeid er avgjerande for vår suksess, og vi samarbeidar på tvers av avdelingar og fagområde. I Fjord1 er vi stolte av arbeidet vårt og den betydinga vi har i samfunnet og det grøne skiftet.
Om oss:
Fjord1 er verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden. Fjord1 har dei siste åra bygd og sett i drift nær 40 høgteknologiske el-ferjer som svara på moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet blitt verdsleiande i ferjebransjen og står heilt i teten for elektrifisering av dei norske fjordane. Viste du også at Fjord1 skal starte opp med autonome ferjer på sambandet Lavik-Oppedal? Det betyr at vi skal være med på å utvikle ny teknologi til heilautonome ferjer.
- Bedrift
- Fjord1
- Steder
- Molde
Om Trainee i Molderegionen (TiM)
Gjennom TiM får du mer enn bare en jobb – du får muligheten til å delta på lærerike fagsamlinger som styrker din faglige og personlige utvikling, samt sosiale aktiviteter som knytter deg sammen med andre traineer. Det er den perfekte måten å bygge både karriere og nettverk på, samtidig som du blir kjent med alt Molderegionen har å by på.
Trainee i Molderegionen (TiM) er et trainee-program for nyutdannede bachelor- og masterstudenter som ønsker en spennende start på karrieren i Molderegionen! Medlemsbedriftene i TiM er innovative og fremtidsrettede bedrifter som er opptatt av å gi deg en god start på arbeidslivet!
Fjord 1 søker trainee innen Drift og leiing
Klar for ein kickstart på karriera di? Bli vår nye trainee!
Laster inn søknadsskjema