Gode moglegheiter for karriere og utvikling i Fjord1
Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass både på landsida og sjøsida, og det er eit breitt spekter av stillingskategoriar i selskapet.
Fjord1 ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse i arbeidsmarknaden, særleg til administrative stillingar innanfor teknologi, innovasjon og miljø.
Selskapet ser det også som viktig å ha fokus på å utvikle og tilføre ny kompetanse hos dagens tilsette. Fjord1 arbeider etter prinsippet «tiltrekke – behalde – utvikle», og har eit konstant fokus på korleis ein kan bli enda betre. Eit viktig punkt her er tilrettelegging og oppfordring til intern rekruttering på tvers av selskapet.
Fjord1 vil bidra til at dei tilsette har den nødvendige erfaringa og kompetansen til å utføre arbeidet. Endra rammevilkår, det grøne skiftet og ny teknologi krev tiltak for å styrke kompetansen og utvikle organisasjonen i tråd med nye krav både for selskapet som heilskap og dei tilsette.